Dialekten som ikkje let seg kue

Østfold-dialekten har vore rakka ned på lenge, men blir no hylla og kalla verneverdig. Det viser at slike maktkampar aldri er avgjorde ein gong for alle.

ØSTFOLDPARLØR: Turistinformasjonen i Fredrikstad og Hvaler har laga ordbok for sommarturistane. Foto: ©Visit Fredrikstad & Hvaler og ©Griff

ØSTFOLDPARLØR: Turistinformasjonen i Fredrikstad og Hvaler har laga ordbok for sommarturistane. Foto: ©Visit Fredrikstad & Hvaler og ©Griff

I vinter fekk vi eit eksempel på at diskusjonar om språk som regel blir kjensleladde. Det blei stor ståhei da Ingeborg Moræus Hanssen kasta seg på ein debatt om Østfold-dialekten. Ho meinte nemleg det var mykje han ikkje dugde til, og at han ikkje kunne brukast i offentlege rom. Moræus Hanssen kjem opphavleg frå Sarpsborg, men som kinosjef i Oslo var det uaktuelt for henne å bruke ein dialekt ho meinte mangla «autoritet». Slik blei det bråk av.

Språk kan vera en kamp om makt
Språket seier mykje om kven vi er og kvar vi kjem frå. Ikkje minst seier det mykje om kven vi ønskjer å vera. Språket er uløyseleg knytt til det å leva saman med andre menneske. Det er ein av dei viktigaste identitetsmarkørane vi har. Når nokon prøvar å snevre inn bruksområdet for eit språk eller ein dialekt, eller tilmed definere det heilt ut or bruk, er det ein kamp om makt.

Sjølv om det neppe var meininga, framstod Moræus Hanssen som ein undertrykkar. Det at ho sjølv var østfolding, skapte eit inntrykk av å stikke sine eigne i ryggen. Det var ho som skulle utnytta statusen sin til å heie fram dialekten og gi den status. I staden trykte ho sitt eige språk ned. Det var i alle fall slik det framstod. Men østfoldingane let seg ikkje tråkke på. Det blei storm. Sjølv var eg av dei som skreiv innlegg for å ta i forsvar det mange ser på som ein umisteleg del av det å vera østfolding.

DUELLEN: 10. februar 2015 møttest Ingeborg Moræus Hanssen og Magne Aasbrenn til språkkamp i Aktuelt på NRK 2. Foto: skjermbilete frå programmet

DUELLEN: 10. februar 2015 møttest Ingeborg Moræus Hanssen og Magne Aasbrenn til språkkamp i Aktuelt på NRK 2.
Foto: skjermbilete frå programmet

Diskursen om Østfoldmålet har endra seg
Diskusjonen rundt kvalitetane til Østfoldmålet er ikkje ny. I alle år har det vore ordskifte om statusen til dialekten, eller rettare sagt mangelen på status. På 70-talet viste undersøkingar av Oslo-folks haldningar til dialektar at Østfold kom dårleg ut. På spørsmålet «Hvilken dialekt liker du minst?» svarte 1 av 5 Østfoldmål. Øyvind Johannessens Raymon-figur har også vakt debatt. Det har vore dei som har meint han har bidrege til å latterleggjera østfoldingen. Andre har derimot meint at stigmatiseringa av østfoldmålet stikk djupare enn som så og ikkje kan skuldast éin populær revyfigur.

Moræus Hanssen skreiv seg altså inn i ein lang tradisjon. Men det store engasjementet som blei vekt til forsvar for dialekten og kulturen han representerer, viste at makt kan utøvast begge vegar. I mange år har autoritetane som regel dømt dialekten ned. Dette ser no ut til å vera over. Definisjonsmakta er kommen i andre hender.
Dei seinare åra har bore med seg ei statusheving for Østfoldmålet. I fjernsynet blir målet trekt fram som unikt og verdt å ta vare på. Kjende østfoldingar står fram i intervju som angrande syndarar og seier dei aldri skulle lagt av seg dialekten. Knut Nærum, frå Halden, svarte slik til Dagbladet på det klassiske spørsmålet om ikkje Østfoldmålet er stygt: «Det er grovt diskriminerende, og dessuten er det usant. Østfold-dialekten er noe av det fineste vi har, og jeg skulle gjerne hatt mer av den selv».

6. mars 2013 er i denne samanhengen ein merkedag. Denne dagen kom heile Fredriksstad Blad ut på dialekt. Dette var ei kraftfull markering av at Østfoldmålet er umisteleg. Kronikken som Moræus Hanssen skreiv, og som sette det heile i gong, står som eit krigshyl i nederlagets time, ein bodskap ute av si tid. I 2015 er det ikkje lenger greitt å rakke ned på Østfoldmålet.

Undertrykkinga av Østfoldmålet går mot slutten
Kampen om Østfoldmålet har vore ein kamp om makt. Ingeborg Moræus Hanssen er ikkje unik. I alle år har det å legge av seg dialekten sin vore ein strategi for dei østfoldingane som ville opp og fram her i landet. Sjølv i dag er det vel ingen stortingsrepresentantar frå Østfold som brukar Østfoldmålet i Stortingssalen. Dermed glir dei inn i mengda av anonyme politikarar frå Austlandet. I kampen med resten av landet om å setta eigen region på kartet lar dei den kraftigaste markøren av identitet segle ned Glomma og ut i Oslofjorden.

«I alle år har det å legge av seg dialekten sin vore ein strategi for dei østfoldingane som ville opp og fram her i landet»

For forteljinga om Østfoldmålet er au ei forteljing om motmakt, og ho visar at status kan endrast. Språket frå denne delen av det sør-austre delen av Noreg er no i ferd med å finne plassen sin i ei lange rekke av likeverdige dialektar. Debattprogrammet Aktuelt 10. februar 2015 står på mange vis som det avgjerande slaget i denne maktkampen. På den eine sida stod Ingeborg Moræus Hanssen som forsvarar av det gamle hegemoniet. Til venstre for henne stod Magne Aasbrenn, ein leiarfigur i kampen for Østfoldmålet. Mellom dei var programleiar Ole Torp. I løpet av programmet kjempa dei to østfoldingane for kvar sine syn. Men Torps spontane reaksjon i sluttsekunda viste at det gamle hegemoniet til slutt hadde falle. På spørsmål om det ikkje ville vera rart å bruke Østfold-dialekten i eit sånt viktig program braut han ut: «Her i Aktuelt set vi pris på alle Noregs dialektar, for vi femnar heile landet». Kampen var over. Østfoldmålet stod att som vinnar.