Robotane kjem

Ein av tre jobbar i Noreg kan forsvinne i dei neste tiåra som følge av ny teknologi. Robotane kjem, bør vi bekymre oss?

Teknologisk utvikling har i fleire hundreår endra det vi jobbar med og måten vi jobbar på. Fleire hevdar likevel at vi no er inne i ein periode der teknologiske framsteg vil føre til store omveltingar i arbeidslivet mykje raskare enn vi har sett tidlegare. Kva for konsekvensar vil den teknologiske utviklinga få for yrkesstrukturen i framtida?

Kva for jobbar forsvinn?
Forskarane Carl B. Frey og Michael A. Osborne ved universitetet i Oxford har undersøkt korleis digitaliseringa kjem til å påverke yrkesstrukturen i USA. Dei reknar med at om lag 50 prosent av alle jobbar i USA står i fare for å bli borte i løpet av dei neste tiåra som eit resultat av tekniske nyvinningar. Anders Ekeland i Statistisk Sentralbyrå har i samarbeid med forskarar frå Finland brukt resultata frå studien til Frey og Osborne på norske data. Dei finn då ut at om lag 33 prosent av jobbane i Noreg risikerer å bli borte som følge av digitalisering.

Resultata for tilhøva både i USA og Noreg viser at det særleg er lågtløns- og lågkompetanseyrka som er mest utsette, sjølv om dei aller fleste yrka kjem til å bli råka av digitaliseringa. Store yrkesgrupper der automatisering er svært sannsynleg i Noreg er mellom anna butikkmedarbeidarar, kontorfolk, resepsjonistar, telefonseljarar, rekneskapsførarar, transportfunksjonærar, servitørar og gatekjøkken- og kafémedarbeidarar. På den andre sida finn vi dei yrka som er minst utsette for automatisering, som til dømes innanfor helse- og omsorgssektoren, undervisnings- og pedagogikksektoren, leiing og ingeniørfeltet. Døme på dette er spesialsjukepleiarar, psykologar, barne- og skulefritidsassistentar, lærarar og elektrikarar. Kvifor er det slik?

 

 

 

Illustrasjon: Simen Østad

 

Kvifor er somme yrke meir utsette enn andre?
Eit utgangspunkt for å forstå korleis digitalisering påverkar yrkesstrukturen er å sjå nærmare på kva slags type arbeidsoppgåver som blir utførte i kvart einskilt yrke. For det første: Er oppgåvene i hovudsak rutineprega, eller ikkje-rutineprega? For det andre: Er oppgåvene i hovudsak manuelle eller kognitive? Mange yrke vil sjølvsagt ha element av begge delar. Rutineprega arbeidsoppgåver kan enklare omlagast til kodar og dermed erstattast med ny teknologi. Samlebandsarbeid og laste- og lossearbeid er eksempel på manuelle rutinejobbar, mens rekneskapsføring, fakturering og kassearbeid i ein bank er døme på kognitive rutinejobbar eller -oppgåver.

På Coops sentrallager på Jessheim blir mesteparten av lagerarbeidet gjort av robotar. I tillegg har dei rundt 60 medarbeidarar som arbeider med datamaskiner som skal overvake prosessen. Fleire av dei jobba tidlegare på lageret, men er no blitt omskolerte. Det arbeidet som vert utført no, ville tidlegare ha kravd rundt 850 lagermedarbeidarar. Eksempel på rutineprega jobbar er fakturerings- og rekneskapsverksemd, der dataprogram har overtatt mesteparten av arbeidet. I tillegg har omfanget av nettbaserte sjølvbetjeningsløysingar auka. Mange arbeidsoppgåver er flytta frå tilsette i t.d. bankar, reisebyrå og bibliotek, til kundane som gjer jobben sjølve.

Når det gjeld ikkje-rutinebaserte arbeidsoppgåver, har dei i utgangspunktet vore vanskelegare å digitalisere. Kognitive arbeidsoppgåver som ikkje er regelbaserte er til dømes medisinsk diagnostisering og oppgåver innan finans og jus. Ny teknologi har her fungert som eit supplement til arbeidet, til dømes ved å gi leiarar, forskarar og legar tilgang til informasjon og tilby teknologiske verktøy som gjer det meir effektivt å få utført jobben. Når det gjeld ikkje-rutinebaserte manuelle oppgåver, som reinhald, servering og bilkøyring, har det vore ei vanleg oppfatning at dei i liten grad vil bli råka av ny teknologi. Dette er i ferd med å endre seg.

Illustrasjon: Simen Østad

Kva er nytt no?
Etter nokre tiår har både manuelle og kognitive rutinejobbar i stigande grad blitt digitaliserte, og denne digitaliseringa blir stadig utvida til nye område. Men likevel har det no blitt monaleg større rom for å digitalisere ikkje-rutinebaserte manuelle og kognitive arbeidsoppgåver også. Den nye teknologien et seg inn i alle sektorar og er «overalt». I tillegg skjer utviklinga i eit stadig snøggare tempo. Gitt at nok data er samla inn for mønsterattkjenning, så kan dei fleste arbeidsoppgåver potensielt digitaliserast i følge Frey og Osborne.

Dette har vi alt sett fleire døme på. Google har sidan 2009 jobba med å utvikle førarlause personbilar, og i 2015 vart dei for første gong testa på offentlege vegar i USA. Dertil er det fleire selskap som no arbeider med å lage sjølvkøyrande lastebilar. I Oslo skal Ruter alt i 2018 teste ut sjølvkøyrande bussar. Det er fleire juridiske og praktiske utfordringar som må løysast før denne teknologien vert sett ut i livet. No i 2017 blir det lagt fram eit lovframlegg i Stortinget der ein opnar for førarlause køyretøy på norske vegar. Dersom slike køyretøy kjem i allmenn bruk, kan det få store konsekvensar for alle dei som jobbar i transportsektoren.

Datamaskinsystemet Watson er eit godt eksempel på korleis ny teknologi også påverkar ikkje-rutinebasert kognitivt arbeid. Det er teknologibedrifta IBM som har utvikla dette datamaskinsystemet, som er tufta på maskinlæringsalgoritmar, kunstig intelligens og maskinlæring. Watson samlar inn og analyserer store mengder data, og blir blant anna brukt innanfor sektorar som helse, utdanning, finans og kundeservice. I helsesektoren bruker ein for eksempel denne teknologien til å diagnostisere kreft og finne tilrådde behandlingsløysingar. Aftenposten skriv i 2016 at mange legar då brukte fleire månader på å stille ein kreftdiagnose, medan Watson fann rett diagnose på ti minutt.

Digitaliseringa spreier seg også til tenestesektoren og servicebransjen. På desse områda har det til no vore vanskelegare å digitalisere jobbane. Sjølv om mange av arbeidsoppgåvene er repeterande og rutinebaserte, blir dei ofte ikkje utførte på nøyaktig same måte kvar gong, og ofte må ein bruke skjønn og kommunikasjon med andre. Likevel, det første hotellet i verda som er bemanna med robotar vart opna i Japan i 2015. I resepsjonen blir hotellets gjester møtte av menneske- og dinosaurliknande robotar som ønsker velkommen. Sjølve inn- og utsjekkinga tek gjestene sjølve seg av, mens bagasjen blir frakta til romma ved hjelp av ei automatisert tralle. I staden for romnøklar kan gjestene kome seg inn på romma ved hjelp av ansiktsgjenkjenning. I tillegg til dei rundt ti robotane som tek seg av servicen på hotellet, er det også tilsett personar til å gjere det arbeidet robotane ikkje kan, som t.d. overvaking av sikkerheit og romservice. Hotelleigaren trekker fram innsparing av kostnader, effektivitet og eit ønske om å ta i bruk ny teknologi som motivasjon for hotellet.

Den første heilautomatiske hamburgerrestauranten i verda er planlagd opna i San Francisco. «Burgerboten» skal kverne, forme og steike hamburgerkjøt, kutte og legge opp garnityr, og til slutt sette det heile saman mellom to hamburgerbrød. Ein burger skal kunne lagast på 10 sekund, og vere av gourmetkvalitet. Føremålet med maskinen er ikkje å effektivisere dei tilsette, men å overta fullt ut for dei, seier dei som utviklar roboten.

Digitaliseringa spreier seg også til tenestesektoren og servicebransjen

Kva for arbeidsoppgåver kan førebels ikkje erstattast? Arbeidsoppgåver som krev sosial intelligens, kreativitet og gode motoriske og sanselege ferdigheiter i ustrukturerte fysiske omgivnader, kan vanskeleg gjenskapast i kode, i følge Frey og Osborne. Dei neste tiåra vil det framleis finnast menneske som forhandlar, overtalar og gir omsorg. Å skape nye idear, tenkje utanfor boksen, komponere musikk, skrive dikt og formulere vitskaplege teoriar kjem i hovudsak til å vere ein menneskeleg aktivitet i framtida også. Det same gjeld når ein utfører jobbar på tronge arbeidsstader som krev at ein jobbar i ubekvemme stillingar. Eit eksempel på robotars manglande motoriske ferdigheiter er sikringsroboten Steve som tidlegare i år ramla uti ein fontene i Washington D.C.

Illustrasjon: Simen Østad

Arbeidsløyse eller ny jobbskaping?
Den teknologiske utviklinga vil skape store omveltingar i arbeidslivet, og dei kan kome raskt. Eit viktig spørsmål er kva som då vil skje med dei mange som jobbar i yrke som står i fare for å forsvinne. Dersom det ikkje blir skapt tilstrekkeleg mange nye jobbar, kan mange bli ståande utan arbeid. Dette vil, som vi har sett, i stor grad ramme dei som arbeider i lågtløns- og lågkompetanseyrke. Ein kan få aukande forskjellar ved at mange blir skuva heilt ut av arbeidslivet eller ved at somme vert dytta nedover i yrkesstrukturen og inn i dårleg betalte servicejobbar som enno ikkje er overtatt av datateknologien.

Optimistiske stemmer meiner at økonomien vil tilpasse seg nye oppgåver og skape nye jobbar som svar på dei nye behova som utviklinga skaper. Opp gjennom historia har jobbar som er forsvunne som følge av teknologisk utvikling blitt erstatta av nye. Dette skjedde i overgangen frå handverk til industriproduksjon og i overgangen frå eit samfunn dominert av industri til eit samfunn og ein arbeidsmarknad med ein stor servicesektor. I dei siste tiåra har for eksempel talet på industriarbeidarar i Noreg gått drastisk ned utan at det har ført til stor arbeidsløyse. I same perioden har kvinners sysselsetjing auka betydeleg. Dette fortel noko om økonomiens evne til å tilpasse seg omstillingar i arbeidslivet. Mange trur no at det same kjem til å skje som følge av digitaliseringa.

Ein konsekvens av digitaliseringa kan også vere at produksjon som fram til no har blitt lagd til lågkostland på grunn av billig arbeidskraft, blir flytta «heim» att. Dersom robotar i stigande grad erstattar arbeidarar, spelar lønskostnadene ikkje lenger noka stor rolle. Dette kjem truleg til å ha negative følger for utviklingslanda, men vere positive for vestleg økonomi.

Eit eksempel er Raufoss Technology AS som produserer aluminiumsvarer til internasjonal bilindustri. Dette er ein tøff bransje med hard global konkurranse der endringane skjer raskt. Bedrifta har flytta produktutvikling og produksjon tilbake til Noreg ved hjelp av automatisering og digitalisering av produksjonsprosessen. Bedrifta sparer tid og pengar på frakt og produksjonen går raskare. Det tar 90 sekund å lage eit hjuloppheng i Kina, på Raufoss tar det 25 sekund å gjere det same.

Teknologiske nyvinningar opnar for mange nye framtidsutsikter. Utvikling av ny kunnskap og kompetanse kan gi gunstige samfunnsmessige, økonomiske og helsemessige verknader. Menneskeleg arbeidskraft kan overførast til område der menneske trengst, mens tunge og kanskje kjedelege arbeidsoppgåver kan gjerast av robotar og datamaskiner.

Korleis skal vi få ei positiv utvikling?
Ei positiv utvikling føreset for det første at det blir skapt nye jobbar i same takt som dei «gamle» forsvinn. Dette vil potensielt vere ei stor utfordring. Jobbskaping innanfor grøn teknologi peikar mange på som eit viktig satsingsområde i åra framover. Ei god utvikling er dessutan avhengig av at dei som er i jobbar som blir borte eller endrar seg, får høve til å styrke eller endre kompetansen sin, slik at han er tilpassa dei nye arbeidsoppgåvene.

Når det gjeld prognosen for den norske arbeidsmarknaden, er det fleire som er kritiske til den modellen som Frey og Osborne har nytta, og det er den som er grunnlaget for dei norske tala. Sjølv om dei konkrete tala bør takast med ei klype salt, kan dei seie noko om retninga framover. Drivkrefter bak endringar i yrkesstrukturar er likevel fleire. Avgjerder og grep som politikarar, bedrifter og partane i arbeidslivet gjer, vil vere avgjerande for korleis teknologien i framtida kjem til å forme yrkesstrukturen og samfunnet.

Robotane kjem – gjer deg klar!